Villreinmøte med Per Jordhøy

Torsdag 10. november kl 19.00 på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule på Otta.
Per Jordhøy har lang fartstid innen villreinforskning i hele landet og på Svalbard. Og har fulgt villreinen i Rondane gjennom en årrekke.
Trass i at det i dei siste 60 åra er etablert to nasjonalparkar, fire landskapsvernområde og åtte naturreservat i vårt distrikt, er villreinen under større press enn nokon gong. Forskarar hevdar at leveområdet for villreinen er redusert med opp mot 60% denne tidbolken. Reinen i 6 av 10 leveområde er nå på raudlista over trua dyrearter. Dette gjeld mellom anna både Snøhetta og Rondane. Årsaka kan nok vera fleire, men auka ferdsel, tilrettelegging for masseturisme og hyttebygging er tvillaust noko av dette bildet.
Kva må gjerast for å snu denne utviklinga? Korleis skal vi greie å ta vare på den siste opphavlege villreinstamma i Europa, noko vi har forplikta oss til både gjennom Bern-konvensjonen og gjennom nasjonale mål? Dette er noko av det som vil bli diskutert på dette møtet.
PROGRAM:
Foredrag Per Jordhøy
Pause (kaffe/te/saft m någå attåt)/Loddsalg
Diskusjon/spørsmål
Informasjon frå interimstyret om arbeidet vidare
Premieutdeling fotokonkurransen
Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×